Historisk arkiv

2 500 færre arbeidslause i mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

– Eg er glad for at situasjonen på arbeidsmarknaden stadig blir betre. Dette viser at politikken vi fører gir resultat, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til NAVs arbeidsmarknadsstatistikk for mars.

Nye tal frå NAV viser at det var registrert 74 200 heilt arbeidslause ved utgangen av mars. Det er 7 prosent færre enn på same tid i fjor og om lag 2 500 færre enn i førre månad. Talet på ledige stillingar har auka med 9 prosent dei siste tolv månadane.

– Talet på ledige stillingar aukar og talet på arbeidslause fell. Ein betre arbeidsmarknad, gjer det lettare å få i jobb for alle som ønskjer arbeid, Dette er godt nytt for arbeidslause og dei mange personane med nedsett arbeidsevne, legg statsråden til.