Historisk arkiv

God utvikling på arbeidsmarknaden i januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

-Utviklinga på arbeidsmarknaden i januar viser at regjeringas politikk for å halde alle i arbeid gir resultat, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

-Utviklinga på arbeidsmarknaden i januar viser at regjeringas politikk for å halde alle i arbeid gir resultat, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

For første gong sia hausten 2008 viser tala frå Arbeids- og velferdsdirektoratet no redusert arbeidsløyse, samanlikna med same månad eit år tidlegare. 

-Konjunkturane har utvikla seg positivt dei siste månadene. Dette tyder på at vi kan ha lagt bak oss tida med stor auke i arbeidsløysa. Det er særleg gledelig å sjå at talet på permitteringar det siste året er redusert med ein tredel, seier statsråden.

NAVs arbeidsmarknadsstatistikk viser at det i januar var registrert 81 300 heilt arbeidslause. Det var om lag 500 færre enn på same tid i fjor. Sesongjustert har talet på heilt arbeidslause blitt redusert med 2 300 frå den siste månaden, og med nær 3 800 frå november 2010.