Historisk arkiv

Hadia Tajik ny politisk rådgjevar i departementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Hadia Tajik (23), Rogaland, er i dag utnemnt til politisk rådgjevar i AID. Stillinga er nyoppretta, og departementet vil med dette ha to politiske rådgjevarar. Tajik vil arbeide med alle fagavdelingane i departementet, og ha eit spesielt ansvar for den løpande kontakten til Stortinget, partigruppa og fraksjonar.

Hadia Tajik ny politisk rådgjevar i departementet

Hadia TajikHadia Tajik (23), Rogaland, er i dag utnemnt til politisk rådgjevar i AID. Stillinga er nyoppretta, og departementet vil med dette ha to politiske rådgjevarar. Tajik vil arbeide med alle fagavdelingane i departementet, og ha eit spesielt ansvar for den løpande kontakten til Stortinget, partigruppa og fraksjonar.

Hadia Tajik kjem frå juridiske studiar ved Universitetet i Oslo. Ho har ein mastergrad innan journalistikk og menneskerettar, og har arbeidt som journalist og skribent i blant anna VG, Aftenposten og Morgenbladet. Tajik har vore politisk nestleiar i AUF i Rogaland.

Politisk rådgjevar Arnhild Holstad vil følgje statsråden sin i det daglege arbeidet hans, med eit særleg ansvar for relasjonen til Nord-Trøndelag som er statsråden sitt heimfylke.

Pressemelding frå Statsministerens kontor
CV for Hadia Tajik