Historisk arkiv

Auka bemanning i Arbeids- og velferdsetaten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Det er viktig å møte dei som blir arbeidsledige på ein god måte. Derfor har vi vore i dialog med Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og bede dei førebu seg på å auke bemanninga i 2009, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

– Auka bemanning skal nyttast til aktiv oppfølging og formidling av arbeidslause. I tiltakspakka som blir lagt fram 26. januar vil vi og vurdere behov for fleire arbeidsmarknadstiltak, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Regjeringa varsla før jul at ho vil fremje forslag om ei tiltakspakke tidleg i 2009. I samband med dette varsla regjeringa samstundes at Arbeids- og velferdsetaten kan førebu seg på og planleggje ei mellombels auke i bemanninga i etaten.

– Arbeids- og velferdsetaten kan derfor så tidleg som mogleg planleggje med fleire personellressursar i 2009 og dermed leggje til rette for at eventuelt fleire folk kan vere på plass så raskt som mogleg etter at ei eventuell tilførsel av ressursar er vedteke.