Historisk arkiv

Fekk råd om seniorpolitikk for innvandrarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Verdien av å kjenne at ein utrettar noko for samfunnet og det sosiale på arbeidsplassen er viktige for å få innvandrarar til å stå lengre i arbeid. Det var bodskapen frå innvandrarar som kom til Noreg på 70-talet, då dei møtte statsråd Dag Terje Andersen denne veka.

Verdien av å kjenne at ein utrettar noko for samfunnet og det sosiale på arbeidsplassen er viktige for å få innvandrarar til å stå lengre i arbeid. Det var bodskapen frå innvandrarar som kom til Noreg på 70-talet, då dei møtte statsråd Dag Terje Andersen denne veka.

– Eg synest både det er viktig og interessant å høyre historiene og erfaringane til dei som har innvandra og som etter kvart har levt eit langt liv i Noreg, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

– Kva meiner dei om den innvandrings- og inkluderingspolitikken som har blitt ført dei siste 30 åra, kva tenkjer dei om dagens arbeidsmarknad og finanskrise? Kva fungerer bra og kva fungerer mindre bra i norsk arbeidsliv? Eg trur og håper at vi kan dra nytte av dei erfaringane denne gruppa sit på når vi skal iverksetje tiltak for innvandrarane som kjem til Noreg i dag, seier statsråden.

Tidlegare arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen hadde to møter med den same gruppa. På desse møta gav deltakarane innspel til regjeringas handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga og til arbeidet mot rasisme og diskriminering.

Arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i lag Kanapathipillai Sivarajah frå Tromsø , Mohammad Anwar Soofi frå Oslo, Shahbaz Tariq frå Oslo, og Jagdish Kaur frå Oslo. 
Frå venstre på biletet: Kanapathipillai Sivarajah frå Tromsø , Mohammad Anwar Soofi frå Oslo, Dag Terje Andersen, Shahbaz Tariq frå Oslo, og Jagdish Kaur frå Oslo. Dei kom som studentar, arbeidsinnvandrarar og familiegjenforente i byrjinga av 1970-talet og har slått nye røter i Noreg.