Historisk arkiv

Asylsøkjarar får tilbod om norskopplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

1. september 2007 blir norskopplæringa for asylsøkjarane gjeninnført. Dette er i tråd med det regjeringa varsla i Soria-Moria-erklæringa.

- Eitt av føremåla med gjeninnføringa er at opplæringa skal føre til betre integrering for dei asylsøkjarane som seinare får løyve. Dei som får bli, vil raskare enn i dag kunne delta i arbeids- og samfunnslivet. Ikkje alle asylsøkjarar vil få løyve, men vil måtte reise tilbake til heimlandet. Regjeringa meiner likevel at det er positivt at dei har deltatt i norskopplæring. Det er viktig at asylsøkjarane lærer norsk slik at dei kan kommunisere i dagligdagse situasjonar på asylmottaket og i lokalmiljøet rundt mottaket. Norskopplæringa vil derfor vere ein meiningsfull aktivitet som også kan bidra til å betre dei psykososiale forholda i mottaka, seier statssekretær Libe Rieber-Mohn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID).

Det er kommunane som er ansvarleg for å organisere norskopplæringa for asylsøkjarar. Per 1. september er det om lag 3 000 asylsøkjarar som kan få tilbod om norskopplæring i om lag 60 kommunar (Kjelde: Nasjonalt introduksjonsregister).

Personar som er over 16 år som bur i ordinære asylmottak, skal kunne få inntil 250 timar opplæring i norsk. Opplæringa avsluttast ved endeleg avslag på asylsøknad. For 2007 har regjeringa sett av ca 47 millionar kroner til dette tiltaket, som er ein del av regjeringas handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga. Handlingsplanen blei lagt frem hausten 2006. 

Dei som får opphalds- eller arbeidsløyve på bakgrunn av asylsøknad vil kunne få  norskopplæring etter introduksjonslova. Dette inneber at dei i tillegg vil få rett og plikt til 300 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kommunane skal også tilby inntil 2700 timar opplæring til den einskilde, dersom dei har behov for det. Det er viktig at det blir samanheng mellom den norskopplæringa ein person får som asylsøkjar og den opplæringa vedkommande skal ha seinare i medhald av introduksjonslova. Norskopplæringa for asylsøkjarar skal derfor følgje læreplanen i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.