Historisk arkiv

Fleire kjem i arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Det er gledeleg at ikkje berre arbeidsløysa fell, men at det også er sterk auke i sysselsettinga, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til ny arbeidsmarknadsstatistikk frå NAV og Statistisk sentralbyrå.

Trass i redusert arbeidsløyse held regjeringa nivået på arbeidsmarknadstiltak oppe. Ved utgangen av månaden deltok 11 700 personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, 29 700 på spesielle tiltak for yrkesvalhemma og 28 400 yrkesvalhemma i ordinær utdanning. Samtidig viser tal frå Statistisk sentralbyrå (23.11.07) at sysselsettinga har auka med over 20 000 personar dei siste tre månadane.