Historisk arkiv

Ein god arbeidsmarknad i januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Berre 44 700 arbeidslause ved utgangen av januar viser at arbeidsmarknaden held seg sterk, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til ny arbeidsmarknadsstatistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Justert for normale sesongvariasjonar er det om lag same nivå på den registrerte arbeidsløysa som i desember.

- Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet synar om lag uendra arbeidsløyse frå desember 2007 til januar 2008. Parallelt med at konjunkturane i norsk økonomi normaliserast, er det grunn til å tru at vi vil sjå langt mindre endringar i sysselsetting og arbeidslause i 2008 enn kva som var tilfelle i 2006 og 2007, seier statsråden.
 
Ved utgangen av januar 2008 var det registrert 44 700 heilt arbeidslause. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken og er ein reduksjon på 20 prosent frå same tid i fjor.