– Lovforslaget heng saman med innføringa av nytt fleksibelt pensjonssystem og behovet for tiltak som er god seniorpolitikk, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.  

Regjeringa har gjort framlegg om at alderspensjonen til folketrygda skal kunne takast ut heilt eller delvis etter fylte 62 år, og at det skal vere mogleg å kombinere arbeid og pensjon utan avkorting av pensjonen.

– Mange seniorar ønskjer ein gradvis overgang frå arbeidslivet til det å være pensjonist. Det å kunne arbeide litt mindre og samtidig ha kontakt med kolleger og fagmiljø, gjør det enklare å ”stå” i jobben lenger. Med det som bakgrunn gjer regjeringa framlegg om endringar i arbeidsmiljølova som styrkjer retten til redusert arbeidstid for denne arbeidstakargruppa, seier statsråden. 

Det vil vere eit vilkår om at arbeidstidsreduksjonen kan gjennomførast utan ”vesentlig ulempe” for verksemda, slik det står i dagens føresegn om rett til redusert arbeidstid for særskilte grupper.