– Det er stor etterspurnad blant arbeidssøkarar etter personleg og praktisk bistand. Difor skjer det no ei viktig utviding av tilbodet om oppfølging. Mange som har vore ute av arbeidslivet ein lengre periode har behov for tett og individuell oppfølging av ein eigen tilretteleggjar for å kome i jobb. Oppfølging er også viktig for å sikre at dei som har kome i arbeid ikkje fell ut av arbeidslivet igjen etter kort tid, seier statssekretæren.

Oppfølging omfattar difor å gi råd og rettleiing til arbeidsgjevar. Med oppretting av eit nytt tiltak frå 1. februar i år vil fleire enn i dag få tilbod om nødvendig oppfølging. Ein kan kombinere individuell oppfølging med andre arbeidsretta tiltak som opplæring og lønnstilskot. Oppretting av eit nytt oppfølgings- og formidlingstiltak vil vere eit tillegg til og ei utviding av den oppfølgingsinnsatsen som allereie skjer i Arbeids- og velferdsetaten.

– Vi vil også opprette eit nytt avklaringstiltak for å styrkje arbeidet med å avklare og kartlegge brukarane sine mulegheiter på arbeidsmarknaden, seier Gustavsen.

Formålet med å opprette eit nytt avklaringstiltak er å kunne tilby alle arbeidssøkarar som treng det ei grundig kartlegging av ressursar og hinder for å kome i arbeid. I dag kan Arbeids- og velferdsetaten berre kjøpe inn avklaringstenester til sjukmelde og yrkeshemma arbeidssøkarar. Målet med å utvide etatens avklaringstilbod til nye grupper av arbeidssøkarar er å unngå at ein blir gåande for lenge ledig eller at ein blir send planlaust frå tiltak til tiltak. I staden skal ein så tidleg som råd finne fram til tiltak som fremjar rask overgang til arbeid.

Tilbodet om arbeidsmarknadsopplæring vert styrkt for arbeidssøkarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Ein kan no få høve til å utvide lengda av AMO-kurs med inntil eit halvt år for m.a. å leggje til rette for betre å kunne kombinere arbeidspraksis med opplæring. Dette inneber m.a at heile eller delar av opplæringa kan skje ute på arbeidsplassen.