Historisk arkiv

Auke i arbeidsløysa i oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Finanskrise og nedgangskonjunktur kommer i auka grad til uttrykk i norsk økonomi, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar til auka ledighetstal for oktober frå Arbeids- og velferds­direktoratet. - Eg ser at auken ikkje uventa er i byggesektoren, seier statsråden.

Nye hovedtall om arbeidsmarknaden frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at talet på arbeidslause har auka for annen månad på rad (sesongkorrigert). I september var det ein auke på 1 000 personar, i oktober har det vært ein auke på 1 800 personar (sesongkorrigert). Det er personar frå bygg og anlegg som bidrar mest til auka. Blant personar med bakgrunn frå bygg og anlegg er det nå registrert ei arbeidsløyse på 2,1 prosent.

- Som arbeidsminister er eg svært opptatt av å dempe effektane på den norske arbeidsmarknaden. Regjeringa har lagt fram eit statsbudsjett for 2009 der det skal brukast meir pengar over offentlige budsjett, blant anna rette mot auka aktivitet i bygg- og anleggsektoren. Noregs Bank si reduksjon av styringsrenta vil og virka positivt. Regjeringa følgjer utviklinga framover nøye og vil ta nye grep om utviklinga krev det, seier Dag Terje Andersen.