- Tala for mai indikerer at arbeidsløysa har slutta å falle. Med berre 1,5 prosent arbeidsløyse har vi likevel ein svært god arbeidsmarknad, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det ved utgangen av mai er registrert 36 900 heilt ledige arbeidssøkjarar. Frå april til mai har det vore ein sesongkorrigert auke i den registrerte arbeidsløysa på 700 personar. Auken er særleg blant personar med bakgrunn frå bygg- og anleggsbransjen. Det er auke i arbeidsløysa blant menn i fylka Trøndelag, Aust-Agder, Oppland, Telemark og Østfold frå mai 2007. 

- På fire år er 230 000 fleire sysselsette og arbeidsløysa er meir enn halvert. Regjeringa forventar at sysselsettinga vil vekse også i 2008, men at veksten vil vere meir moderat enn i 2007, seier statsråden.