- Arbeids- og inkluderingsdepartementet har bedt Utlendingsdirektoratet om å endre praksis slik at alle næringar i dei tre nordlegaste fylka – ikkje berre fiskeforedlingsindustrien som nå - kan nytte ufaglært arbeidskraft frå Barentsregionen i Russland, opplyser arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

- Det er gledeleg at vi no får på plass denne ordninga som gir verksemdene i Nord-Noreg betre tilgang til russisk arbeidskraft og styrkjer samhandlinga over grensa til Russland. Endringa i regelverket må sjåast i samanheng med regjeringas Nordområdestrategi, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Samarbeidet mellom Nord-Noreg og Nordvest-Russland er i sterk utvikling, og samhandelen aukar. På stadig fleire område inngår norske og russiske bedrifter eit nært og omfattande samarbeid. Det er derfor ønskjelig å leggje til rette for god mobilitet av arbeidskraft over grensa mellom Russland og Noreg. I arbeidsinnvandringsmeldinga foreslo regjeringa derfor å utvide tilgangen for russarar frå Barentsregionen utan dokumentert kompetanse til å arbeide i alle næringar i dei tre nordlegaste fylka. Denne ordninga gjeld i dag berre for arbeid i fiskeforedlingsindustrien, men her har behovet vore lite dei seinare åra. 

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har no bedt Utlendingsdirektoratet om å endre praksis etter utlendingslova, slik at alle næringar i Troms, Finnmark og Nordland frå 1. desember skal kunne rekruttere ufaglærte russarar frå Barentsregionen. Det skal framleis vere eit avgrensa løyve på inntil to år som gjeld for ufaglært arbeid i dei tre nordlegaste fylka, og som ikkje gir grunnlag for varig opphald. Vilkåra knytt til lønn og fortrinnsrett for innanlandsk arbeidskraft og arbeidskraft frå EØS/EFTA-området skal framleis gjelde.