Historisk arkiv

Innstramming av praksis for asylsaker frå Irak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Som ein del av tiltaka for å avgrense asylankomstane til Noreg, gir Arbeids- og inkluderingsdepartementet instruks til Utlendingsdirektoratet om endring av praksis i behandlinga av asylsaker frå Irak. Instruksen blir sett i verk straks.

– Det viser seg at praksisen i Noreg ved handsaming av asylsakar frå nokre særskilte område i Irak, har vore meir liberal enn den praksisen Sverige og Danmark har hatt. Med denne instruksen blir norsk praksis endra, slik at han blir lik den svenske og danske, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Noregs flyktning- og asylpolitikk blir fastsett av norske styresmakter. For å avgrense asylankomstane frå personar som ikkje fyller vilkåra for vern, skal Noregs praksis i hovudsak vere lik praksisen i andre land vi kan samanlikne oss med.
- Denne instruksen er ei viktig oppfølging av regjeringa sine innstrammingstiltak, seier statsråden.

Det blir slutt på å gi opphaldsløyve fordi asylsøkjaren kjem frå eit bestemt område i Irak. Alle saker skal frå 1. november vurderast på individuelt grunnlag.

Instruks om behandling av asylsaker frå Irak