Historisk arkiv

Moderat auke i arbeidsløysa i september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Eg registrerer at nedgangen i byggeaktiviteten no slår ut i auka arbeidsløyse i delar av arbeids­marknaden, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i en kommentar til nye månadstal om arbeidsmarknaden frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

- Uro i finansmarknadene gir auka usikkerheit om utviklinga framover. Regjeringa følgjer utviklinga nøye, seier statsråden.

Ved utgangen av september var det registrert 42 000 heilt arbeidslause. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

Det er no 1 400 færre arbeidslause enn på same tid i fjor, men 1 000 fleire enn i august, når det blir justert for normale sesong­variasjonar. Det er først og fremst personar med bakgrunn frå bygg og anlegg som har opplevd auka arbeidsløyse det siste året. Nivået på ordinære arbeidsmarknadstiltak er 18 prosent høgare enn på same tid i fjor.