Historisk arkiv

Nedgang i arbeidsløysa i juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Eg er godt nøgd med at talet for heilt arbeidslause held seg lågt. Dei viser at arbeidsmarknaden held seg god trass i fleire signal om at vi er på veg inn i ein periode med lågare vekst, seier politisk rådgivar Lubna Jaffery Fjell i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det ved utgangen av juli er registrert 44 100 heilt ledige arbeidssøkjarar. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Frå juni til juli har det vore ein sesongkorrigert nedgang i den registrerte arbeidsløysa med om lag  200 personar. Bortsett frå auka arbeidsløysa i bygg- og anleggsyrker har det vore nedgang i arbeidsløysa i alle yrkesgrupper det siste året.