Historisk arkiv

Om lag uendra arbeidsløyse frå februar til mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Etter kraftig reduksjon i arbeidsløysa i over tre år, er nivået nå komme lågare enn på mange år. Men etter årsskiftet har vi sett berre små endringar i arbeidsløysa, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen i ein kommentar til ny arbeidsmarknadsstatistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

 Ved utgangen av mars 2008 var det registrert 41 800 heilt arbeidslause. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

 Arbeidsløysa er redusert med 50 prosent frå hausten 2005. Ved utgangen av mars var det vidare registert  81 200 yrkesvalhemma. Talet er redusert med 12 prosent frå hausten 2005. Etter årsskiftet har talet på arbeidslause blitt redusert med 200 personar og talet på yrkesvalhemma er auka med 400. Frå februar til mars har arbeidsløysa vært om lag uendra når det korrigerast for normale sesongvariasjonar.