Historisk arkiv

Strammar inn for vikarbyrå frå nyttår

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Alle vikarbyrå som leiger ut arbeidskraft i Noreg må frå nyttår registrere seg i eit nytt offentleg register over bemanningsforetak. – Registeret blir eit viktig verktøy for å hindre sosial dumping og useriøse aktørar i utleiebransjen, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Den nye forskrifta skal sikre at verksemdene får tilgang på seriøse vikarbyrå. (Foto: Colourbox)

Det er Arbeidstilsynet som skal ha hand om registeret. Forskrifta blir gjort gjeldande frå 1. januar 2009.

Ordninga stiller krav om at vikarbyrå som skal drive i Noreg, anten dei er norske eller utanlandske, skal ha ein fast representant i landet med juridiske fullmaktar. Det blir og innført fleire klare krav med sikte på å sikre seriøsiteten i bransjen, som krav til organisering, økonomi og til at verksemda er lovleg registrert hos skatteetaten.

– På same vis som med arbeidsinnvandringa har det vore ein kraftig auke i talet på firma som leiger inn arbeidskraft i Noreg. Med den nye forskrifta skal det bli enklare for verksemdene å få oversikt over bransjen og sikre at dei får tilgang på seriøse vikarbyrå, seier Dag Terje Andersen.

Frå 1. mars 2009 blir det forbode for verksemder å bruke bemanningsforetak som ikkje er lovleg registrert etter ordninga i Arbeidstilsynet sitt register. Verksemdene får med dette ei rimeleg tid til å registrere seg, seier Andersen.

Forskrift om bemanningsforetak følgjer opp Soria Moria-erklæringa og regjeringas handlingsplan mot sosial dumping.