Historisk arkiv

Svekkinga i arbeidsmarknaden aukar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Dei mange meldingane den siste tida om oppseiingar og innskrenkingar blir stadfest i novembertalet over registrerte ledige, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar til nye arbeidsløysetal frå Arbeids- og velferds­direktoratet.

- Dei mange meldingane den siste tida om oppseiingar og innskrenkingar blir stadfest i novembertalet over registrerte ledige, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar til nye arbeidsløysetal frå Arbeids- og velferds­direktoratet.

- Sjølv om arbeidsløysa framleis er låg, 1,8 prosent, har regjeringa alt sett i gang arbeidet med å vurdere aktuelle mottiltak. Det viktigaste no er å få orden på kredittilgangen gjennom bankane, at statsbudsjettet inneheld mange forslag som vil auke aktiviteten innafor bygg og anlegg, og at budsjettet gir rom for til lågare rente. I tillegg vil den tiltakspakka som finansministeren varsla i går prioritere tiltak som kan stimulere sysselsettinga og dempe auken i arbeidsløysa, seier statsråden.

Ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det er registrert 45 200 heilt arbeidslause ved utgangen av november. Det svarer til 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Nivået er lågt, men har auka markert og tiltakande gjennom hausten. Det er no 6 700 (18 %) fleire heilt arbeidslause enn på same tid i fjor. Berre i november blei det 3 400 fleire arbeidslause, justert for normale sesongvariasjonar. Svekkinga på arbeidsmarknaden er nokså breitt basert. Mest utsett er menn, ungdom og personar med erfaring frå bygg og anlegg. I yrkesgruppene undervisning og helse, pleie og omsorg er arbeidsløysa lågare enn på same tid i fjor.