Ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det ved utgangen av april var registrert 38 800 helt arbeids­lause. Nivået er 18 prosent lågare enn på same tid i fjor. Etter 2005 har arbeidsløysa gått markert tilbake i alle fylke, blant alle aldersgrupper og i alle bransjar.

 Lågast er nå ledigheta i fylka Rogaland og Sogn og Fjordane som begge har 1,0 prosent arbeidsløyse. Høgst er arbeidsløysa i Finnmark og Trøndelag. I desse fylka er nivået om lag to prosent. Ikkje minst har høgkonjunkturen i norsk økonomi betra sysselsettingsmogelegheitene for langtidsarbeidslause. Arbeidsløysa blant denne gruppa av arbeidssøkjarar har blitt meir redusert enn blant korttidsarbeidslause.

 Frå mars til april er arbeidsløysa redusert med 1.400 personar, når det korrigerast for normale sesongvariasjonar.