Overgangsordningane for landa som blei medlem i EØS i 2004 blir vidareført til 1. mai 2009. For Bulgaria og Romania vidarefører ein overgangsordningane inntil vidare fram til 1. januar 2012, men desse overgangsordningane vil bli vurdert årleg.

– Arbeidsinnvandring frå nye EØS-land har vore positivt for norsk økonomi og arbeidsmarknad. Overgangsordningane har også vore med på å gi arbeidsinnvandrarar ordna lønns- og arbeidsvilkår, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

 Overgangsordningane inneber at arbeidstakarar frå nye EØS-land må ha levert søknad om arbeidsløyve før dei kan begynne å arbeide. Det må liggje føre eit konkret tilbod om heiltidsarbeid med lønns- og arbeidsvilkår som er i tråd med tariffavtale, regulativ eller det som elles er vanleg i vedkommande stad og yrke, eller ifølge allmenngjeringsvedtak, der det fins (bl.a. byggenæringen).

 Noreg innførte overgangsordningar for arbeidsinnvandrarar frå åtte av landa som vart EØS-medlemmer i mai 2004. Desse går ut 1. mai 2009. Då Bulgaria og Romania kom med i EØS i august 2007, vart overgangsordningane gjort gjeldande også for desse to landa. For Bulgaria og Romania kan ordningane forlengast i tre nye år frå 1.1.2009, og det er denne mulegheita regjeringa no nyttar.

Overgangsordningane ser ikkje ut til å ha hindra tilgangen av nødvendig arbeidskraft frå dei nye medlemslanda. I dei første 11 månadane blei det gitt om lag 64 000 løyve om arbeid til borgarar frå dei nye EØS-landa, inkludert fornyingar.