Historisk arkiv

-Arbeidsmarknaden enno ikkje friskmeldt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Frå september til oktober har talet på heilt arbeidslause auka med om lag 1 000 personar justert for normal sesongvariasjon. Statistikken viser at arbeidsmarknaden enno ikkje er friskmeldt, seier arbeidsminister Rigmor Aasrud i ein kommentar til Navs hovudtal om arbeidsmarknaden for oktober.

- Tala fortel at Regjeringas aktive motkonjunkturpolitikk og tiltaksopptrapping har vært riktig og nødvendig. Talet på deltakarar på ordinære tiltak har vist ein auke på 66 prosent siste år og var 20 100 i oktober. Vi har no hatt over eit år med låg etterspørsel etter arbeidskraft. Ikkje minst utsette grupper på arbeidsmarknaden merkar denne situasjonen. Talet på langtidsledige aukar. Utviklinga visar at det er naudsynt å styrkje arbeidet overfor arbeidssøkarar ytterligare i tida framover, seier statsråden.

Tala frå Nav viser at det ved utgangen av oktober er registrert 68 300 heilt arbeidslause, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken. Ved utgangen av september var det registrert 69 600 heilt arbeidslause. I tillegg deltek no 20 100 på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Ved utgangen av oktober har 31 500 heilt ledige vært i Navs register i minst seks månader. Talet på personar med nedsett arbeidsevne aukar, det er no 91 200 personar.