Historisk arkiv

-Ingen auke i arbeidsløysa i november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

- Tala frå NAV syner at arbeidsløysa er uendra frå oktober, når ein tar omsyn til normale sesongvariasjonar. Det er vidare positivt at det no er færre som melder seg arbeidslause, men arbeidsmarknaden kan enno ikkje friskmeldast. Reduksjonen i talet på sysselsette som Statistisk sentralbyrå melder om er eit tydeleg signal på det, seier arbeidsminister Rigmor Aasrud.

Dei positive signala i NAV sin seinaste månadsstatistikk er mellom anna uendra sesongkorrigert arbeidsløyse frå oktober til november, færre nye arbeidssøkarar, og fall i talet på permitterte for fjerde månaden på rad, justert for normale sesong­variasjonar. Arbeidsløysa er også redusert for unge i alderen 20-24 år.

Nye tall frå NAV viser at det ved utgangen av november er registrert 67 400 heilt arbeidslause, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken. Justert for normale sesongvariasjonar er dette uendra frå førre månaden. 21 700 personar deltar på ordinære arbeidsmarknadstiltak ved utgangen av november. Statistisk sentralbyrås arbeidskraftundersøking (AKU) som blei publisert i går, viste at talet på sysselsette er redusert med 23 000 personar frå juni til september.

Nær 94 000 personar er registrert med redusert arbeidsevne, og det er 14 prosent fleire enn på same tid i fjor. Noko av denne auken har samanheng med omlegging av arbeidsrutinane hos NAV. Departementet følgjer utviklinga i personar med redusert arbeidsevne særleg nøye i tida framover.