Historisk arkiv

70 700 arbeidslause – 3 300 fleire i mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Det er bekymringsfullt at arbeidsløysa aukar, men dessverre ikkje uventa. Auka i mars var høg, men noko mindre enn kva vi opplevde i januar og februar, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar til ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

– Det er bekymringsfullt at arbeidsløysa aukar, men dessverre ikkje uventa. Auka i mars var høg, men noko mindre enn kva vi opplevde i januar og februar, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar til ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

 – Også i Noreg merker vi effektane av den internasjonale finanskrisa tydeleg. Men auka i arbeidsløysa er mindre her enn i dei fleste andre land og norske styresmakter gjer særs mykje for å motverke effektane av finanskrisa. Dei nye tala stadfestar at det var viktig å sette inn kraftige tiltak for å auke aktiviteten, mellom anna i bygg- og anleggsbransjen, seier statsråden.

 – Gjennom den generelle økonomiske politikken gir vi kraftige påverknader som skal vere med og auka etterspurnaden etter arbeidskraft. Innanfor arbeids­marknadspolitikken tar vi grep for å gjere arbeidslause betre i stand til å komme i jobb. Blant anna aukar talet på personar som får oppfølging, opplæring og arbeidstrening. Ved utgangen av mars deltok 16 000 personar på ordinære arbeids­marknadstiltak. Det er 2 200 fleire enn i februar, seier statsråd Dag Terje Andersen.

 Nye tal frå NAV syner at det ved utgangen av mars var 70 700 heilt arbeidslause og permitterte. Det er 28 900 fleire enn på same tid i fjor. Frå februar til mars har det vore ein auke på 3 300 personar, men når ein tar omsyn til normale sesongvariasjonar har auka vore om lag 4 200. I januar og februar var den sesongkorrigerte auka til samanlikning 5 600 og 5 000. Det er framleis størst vekst i talet på arbeidslause med bakgrunn frå bygg og anlegg og industri. Innan undervisning er det lågare arbeidsløyse no enn på same tid i fjor.