Historisk arkiv

Allmenngjering i jordbruks- og gartnerinæringane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Tariffnemnda fastsette 16. november 2009 forskrift om allmenngjering av tariffavtale for jordbruks- og gartnerinæringane i heile landet. Forskrifta gjeld frå 1. januar 2010.

Tariffnemnda fastsette 16. november 2009 forskrift om allmenngjering av tariffavtale for jordbruks- og gartnerinæringane i heile landet. Forskrifta gjeld frå 1. januar 2010.

På bakgrunn av eit krav frå LO fatta Tariffnemnda 16. november vedtak om å allmenngjere delar av Overenskomsten for jordbruks- og gartnerinæringene med virkning for hele Noreg. Lønns- og arbeidsvilkår som følgjer av forskrifta gjeld som minstekrav for alle arbeidstakarar innan jordbruks- og gartnerinæringane, og innanfor verkeområdet til forskrifta.

Nemnda sitt vedtak er tilgjengeleg på Tariffnemndas nettsider.

Vil du ha meir informasjon kan du kontakte Tariffnemndas sekretariat i Arbeids- og inkluderingsdepartementet: Bodil Stueflaten, tlf.22 24 69 31, eller Joakim Augeli Karlsen, tlf. 22 24 69 65.