Historisk arkiv

Eit statsbudsjett for å motverke ein svekka arbeidsmarknad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Den sterke veksten i arbeidsløysa som vi såg tidlegare i år minkar. Det viser mellom anna at regjeringas politikk har hatt god verknad. Men det er for tidleg å seie at krisa er over. Regjeringa legg i budsjettet for 2010 til grunn at arbeidsløysa vil auke frå 3,2 prosent i 2009 til 3,7 prosent i 2010, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

– Den sterke veksten i arbeidsløysa som vi såg tidlegare i år minkar. Det viser mellom anna at regjeringas politikk har hatt god verknad. Men det er for tidleg å seie at krisa er over. Regjeringa legg i budsjettet for 2010 til grunn at arbeidsløysa vil auke frå 3,2 prosent i 2009 til 3,7 prosent i 2010, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

 

I budsjettet har regjeringa teke høgd for ei slik utvikling, mellom anna gjennom eit auka tiltaksnivå, endringar i regelverket for bedriftsintern opplæring og ved å føre endringane i dagpenge- og permitteringsregelverket vidare.

– Desse tiltaka er viktige i kampen mot arbeidsløysa, og det er no behov for ein auka innsats mot langtids arbeidsløyse, seier statsråden.

 

78 200 plassar til arbeidsmarknadstiltak i 2010

Nivået på arbeidsmarknadstiltaka aukar med 3 000 plassar i snitt i 2009. Auka skal medverke til å gi arbeidsretta bistand til arbeidslause og arbeidssøkjarar med nedsett arbeidsevne. I 2010 gir løyvinga til arbeidsmarknadstiltak rom for totalt om lag 78 200 plassar. Innanfor det totale tiltaksnivået er det rom for ein auke i talet på plassar til forsøket med tidsubestemt lønnstilskott.

 

Meir til Arbeids- og velferdsetaten

Etaten skal i 2010 særleg prioritere betre forvaltning av ytingar og legge vekt på arbeidet med å motverke langtidsarbeidsløyse. Oppfølgingsarbeidet av sjukmeldte vil også bli styrka. Det skal leggast til rette for ei god implementering av arbeidsavklåringspengar og arbeidsevnevurdering, og budsjettet skal sikre at arbeidet med å gjennomføre kvalifiseringsprogrammet i tråd med intensjonane for ordninga, går etter planen.

 

Endra regelverk for bedriftsintern opplæring

På grunn av situasjonen på arbeidsmarknaden innfører regjeringa midlertidige endringar i regelverket for BIO. Inngangsvilkåra blir mjuka opp, slik at tilskott til bedriftsintern opplæring ikkje berre kan gis ved omstillingar, men også til bedrifter som blir ramma av forbigåande marknadssvikt på grunn av konjunkturmessige forhold. Vidare blir den maksimale tida ein kan gå på tiltak utvida ut over grensa, som i dag er  på 13 veker.

 

Utvida målgruppe for langtidsarbeidslause garantien

Regjeringa utvidar også målgruppa for langtidsarbeidsløysegarantien. Garantien skal sikre tilbod om arbeidsretta bistand til personar som har vore arbeidslause over ein lengre periode. Garantien vil frå og med 2010 omfatte personar som har hatt ein arbeidssøkjarperiode på to år og har vore samanhangande ledige dei siste seks månadene.

 

Endringar i dagpenge- og permitteringsregelverket føres vidare

Regjeringa har gjort fleire endringar i dagpenge- og permitteringsregelverket for å hjelpe verksemdene med å halde på arbeidskrafta i nedgangskonjunkturen.

I Regjeringa si tiltakspakke i januar 2009 vart maksimal periode med dagpengar under permitteringar auka, frå 30 til 52 veker, og perioden der arbeidsgivaren har lønnsplikt vart redusert, frå 10 til 5 dagar. I revidert nasjonalbudsjett 2009 blei kravet til arbeidstidsreduksjon for rett til dagpengar redusert frå 50 til 40 prosent for permitterte. Regjeringa fører alle endringane vidare i 2010, noko som har ein| samla kostnad på 540 millionar kroner i 2010.

 

Inntektsprøving av alderspensjon for 69-åringar oppheva

Eldre arbeidstakarar er ein viktig ressurs i arbeidslivet, og Regjeringa ønskjer å stimulere denne gruppa til å stå lenger i arbeid. Frå 1. januar 2008 blei inntektsprøvinga av alderspensjon til 67-åringar oppheva. Frå 1. januar 2009 blei også inntektsprøvinga for 68-åringar oppheva. Erfaringane syner at fleire eldre kombinerer arbeid og pensjon. Regjeringa ønskjer å leggje ytterligare til rette for å behalde eldre i arbeidslivet, og gjer difor framlegg om å oppheve inntektsprøvinga for 69-åringar frå 1. januar 2010. Alle alderspensjonistar kan dermed kombinere pensjon og arbeidsinntekt utan at pensjonen blir avkorta. Dei samla meirutgiftene for folketrygda blir på om lag 175 millionar kroner i 2010.

 

Samiske formål 

Løyvinga til særskilte samiske formål vil i 2010 utgjere om lag 794 millionar kroner. I 2009 utgjer løyvingane til desse formåla om lag 760 millionar kroner. Sametinget får årlige tildelingar frå fleire departement og vil forvalte om lag 351 millionar kroner i 2010.