Historisk arkiv

Ekspertgruppe skal vurdere nye tiltak mot sjukefråvær

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Departementet har i dag oppnemnd ei fagleg ekspertgruppe som skal vurdere mulige administrative tiltak som kan hjelpe til med å snu den urovekkjande utviklinga i sjukefråværet.

Departementet har i dag oppnemnd ei fagleg ekspertgruppe som skal vurdere mulige administrative tiltak som kan hjelpe til med å snu den urovekkjande utviklinga i sjukefråværet.

–Anbefalingane frå ekspertgruppa vil vere eit viktig grunnlag når regjeringa saman med partane i arbeidslivet over nyttår skal drøfte innhaldet i ei vidareføring av IA-avtalen og eventuelle tiltak for å få ned sjukefråværet, seier arbeidsminister Rigmor Aasrud. 

Arbeidsministeren er samd med partane i arbeidslivet om å vurdere betre virkemiddel for å få ned sjukefråværet. Partane støttar m.a. at ekspertgruppa blir oppretta, og skal vere med i ei referansegruppe for dette arbeidet.  

Ekspertgruppa har fått i oppdrag å vurdere fleire mulige administrative tiltak. Det kan for eksempel vere betre oppfølging av dagens reglar, gjennomgang av ”stopp-punkt” i sjukefråværsløpet, aktivitetskrav for arbeidstakar og ei vurdering av sjukmeldaren si rolle. Vurderingane bør bygge på tidligare erfaringar frå Noreg og andre land, og anna tilgjengeleg kunnskap om sjukefråværsutviklinga og ”drivarane” bak sjukefråværet. Føremålet er å finne tiltak som kan bidra til ein klar reduksjon i sjukefråværet. 

Ekspertgruppa blir leia av seniorforskar Arnstein Mykletun ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, og er elles sett saman av forskarar, fastlegar og representantar frå Arbeids- og velferdsetaten og Helsedirektoratet. 

Gruppas anbefaling skal føreligge 1. februar 2010. Slik kan anbefalinga sjåast i samanheng med drøftingane arbeidsministeren skal ha med partane om IA-avtalen og tiltak mot sjukefråvær, som skal starte i midten av januar og vere avslutta før gjeldande IA-avtale går ut 1. mars 2010.

Samansetting av gruppa:

Seniorforskar Arnstein Mykletun, Bergen (leiar)

Forskningsdirektør Hege Randi Eriksen, Bergen

Seniorøkonom Knut Røed, Oppegård

Fastlege Gisle Schmidt, Oslo

Fastlege Anette Fosse, Mo i Rana

Ass. direktør Bjørn Guldvog, Oslo

Overlege Grete Damberg, Asker

Fylkesdirektør Ellen Christine Christiansen, Oslo

Mandat for ekspertgruppen