Historisk arkiv

Foreslår å avvikle overgangsordningane for 8 EU-land

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa legg i dag fram lovforslag for å avvikle overgangsordningane frå 1. mai 2009 for land som blei medlem i EØS i 2004. For Bulgaria og Romania held ordningane fram til 1. januar 2012, men dei vil bli vurderte årleg.

Regjeringa legg i dag fram lovforslag for å avvikle overgangsordningane frå 1. mai 2009 for land som blei medlem i EØS i 2004. For Bulgaria og Romania held ordningane fram til 1. januar 2012, men dei vil bli vurderte årleg.

-Erfaringane tilseier at overgangsordningane ikkje har hindra norske arbeidsgjevarar i å rekruttere den arbeidskrafta dei har hatt bruk for, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Overgangsordningane, som mellom anna inneber at arbeidstakarar frå desse landa må ha levert søknad om arbeidsløyve før dei kan starte å arbeide, gjeld i dag arbeidstakarar frå Estland, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn (EU8) og frå Bulgaria og Romania. Når overgangsordningane for dei åtte EU-landa vert oppheva, kan borgarar frå desse landa opphalde seg og arbeide i Noreg i tre månader utan løyve og i inntil seks månader dersom dei er arbeidssøkjarar, utan at dei har konkret tilbod om arbeid. Det er heller ikkje krav til arbeid på heiltid.

Overgangsordningane for EU8-landa blei innførte 1. mai 2004. Overgangsordningane for Bulgaria og Romania har vore i verksemd i ganske kort tid, berre sidan 1. august 2007, og dei har i praksis omfatta relativt få arbeidstakarar. Derfor vil regjeringa vidareføre overgangsordningane for Bulgaria og Romania fram til 1. januar 2012, men slik at dei vil bli vurderte årleg.