–Veksten i talet på arbeidslause held fram i april om lag som i dei tidlegare månadane i år, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar til ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

–Utviklinga i arbeidsløysa i løpet av vinteren syner at det var viktig å sette inn kraftige tiltak. Gjennom den generelle økonomiske politikken gir vi kraftige stimulansar til etterspurnaden etter arbeidskraft. Innanfor arbeids­marknadspolitikken aukar talet på personar som får oppfølging, opplæring og arbeidstrening. Ved utgangen av april deltok 17 000 personar på arbeids­marknadstiltak for ordinære arbeidssøkjarar, seier statsråden.

Nye tal frå NAV syner at det ved utgangen av april var 72 700 heilt arbeidslause og permitterte. Det er 34 000 fleire enn på same tid i fjor. Frå mars til april har det vore ein auke på 2 000 heilt arbeidslause personar. Når ein tar omsyn til normale sesongvariasjonar, tilsvarer det ein auke på 4 900. Av dei registrerte arbeidslause er 11 000 permitterte.

Det betyr at svekkinga i april er om lag som i perioden januar – mars. Det er framleis størst vekst i talet på arbeidslause med bakgrunn frå bygg og anlegg og industri. I april var det 11 600 som hadde ein kortare periode som arbeidslaus enn 4 veker, mens det i februar var 15 500 personar.