Historisk arkiv

Meir generøst permitteringsregelverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har no endra forskrifta slik at lengden av tida ein kan motta dagpengar under permittering er auka frå 30 til 52 veker. Dette gjeld allereie frå 1. februar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har no endra forskrifta slik at lengden av tida ein kan motta dagpengar under permittering er auka frå 30 til 52 veker. Dette gjeld allereie frå 1. februar.

-Dette er ei oppfølging av Stortingets drøfting som vil vere til god hjelp for verksemder i ei mellombels vanskeleg situasjon, og sjølvsagt også for arbeidstakarane, seier statssekretær Jan-Erik Støstad.

Han peiker spesielt på at endringa også kan få verknad for personar som allereie er permitterte, og som kan ha nådd opp i eit samla tal på veker med dagpengar på 30.

Under handsaminga av regjeringa si tiltakspakke fredag i førre veke, drøfta Stortinget permitteringsregelverket.

Regjeringa hadde foreslått å gjere regelverket meir generøst ved å korte ned perioden arbeidsgjevar skal betale løn og auke maksimal varigheit for permitteringar. Odelstinget vedtok  regjeringa sitt forslag om å redusere arbeidsgjevarperioden frå 10 til 5 dagar, med verknad frå 1. april i år.