Historisk arkiv

Ny lov om sosiale tenester gir brukarane betre rettstryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Loven legg til rette for betre samordning av tenestene til brukarane av NAV-kontoret, pålegg kommunane plikt til internkontroll og sikrar tilsyn med forvaltninga av tenestene.

Loven legg til rette for betre samordning av tenestene til brukarane av NAV-kontoret, pålegg kommunane plikt til internkontroll og sikrar tilsyn med forvaltninga av tenestene.

– Loven styrkar brukarane sin rettstryggleik og medverkar til eit betre tenestetilbod, seier arbeidsminister Rigmor Aasrud.

Ny lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga blei sanksjonert av Kongen i statsråd, fredag 18. desember, og trer i kraft ved årsskiftet. Frå same tid blir alle landets kommunar pålagt å tilby kvalifiseringsprogram.

Loven samlar dei obligatoriske kommunale tenestene ved NAV-kontora i ein lov, og innfører tilsyn med forvaltninga av tenestene og ei plikt for kommunen til å føre internkontroll. Dette er nye lovføresegn som utvidar dagens reglar om fylkesmannens tilsyn og kommunens internkontrollplikt. Med disse føresegnene vil alle sosiale tenester være underlagt statlig tilsyn og plikt til internkontroll.

Lovens formålsføresegn er ei vidareføring av formålsføresegna i gjeldande sosialtenestelov, med eit tillegg om at loven skal medverke til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapeleg og samordna tenestetilbod. Når omsynet til barn blir presisert i formålsføresegna, legg dette klarere føringar på sosialtenesta sitt arbeid.

Den nye lovens føresegner regulerer økonomiske ytingar og kvalifiseringsprogrammet, samt føresegner om midlertidig bustadstilbod, individuell plan og opplysning, råd og rettleiing. Med denne endringa er dagens sosialtenestelov blitt delt; den nye loven er i staden for den delen som angår NAV-kontorene, medan den resterande delen ligg under Helse- og omsorgsdepartementet.