Historisk arkiv

Retur av einslege mindreårige asylsøkjarar til heimlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet endrar praksisen for retur av einslege mindreårige asylsøkjarar. Praksisendringa opnar for at einslege mindreårige utan behov for vern kan bli returnert til slektningar eller andre omsorgstiltak i heimlandet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet endrar praksisen for retur av einslege mindreårige asylsøkjarar. Praksisendringa opnar for at einslege mindreårige utan behov for vern kan bli returnert til slektningar eller andre omsorgstiltak i heimlandet.

Praksisendringa inneber at slektningar, til dømes besteforeldre, tanter, onklar eller myndige sysken, skal kunne vurderast som forsvarlege omsorgspersonar, sjølv om desse ikkje hadde omsorgsansvaret for søkjaren i framkant av reisa frå heimlandet.

Utlendingsmyndigheitene vil også systematisk vurdere retur til omsorgstiltak i regi av styresmaktene i heimlandet. Det vil også vurderast i dei tilfella der den mindreårige ikkje kjem frå ein slik omsorgssituasjon.

– Vi må ikkje gløyme verdien av å vokse opp saman med familien i eit kjent miljø, kultur og eit nettverk når det blir vurdert kva som er forsvarleg omsorg. Denne praksisendringa legg til rette for å ta omsyn til akkurat dette, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Ein del einslege mindreårige asylsøkjarar har ikkje anna grunnlag for å få eit opphaldsløyve enn at norske styresmakter ikkje har lukkast med å finne foreldra deira i heimlandet. Frå no av skal det gjennomførast ei vidare vurdering av kva som kan vere som ein tilfredsstillande og forsvarleg omsorgssituasjon i heimlandet.

– Spørsmålet om kva som kan sjåast på som forsvarleg omsorg i søkjaren sitt heimland, må alltid basere seg på ei konkret vurdering av barnet sin beste, seier statsråden.

Brev til UDI om praksisendring