Historisk arkiv

Ser klar effekt av id-kort i byggjebransjen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Talet på registrerte verksemder innan byggjenæringa har auka kraftig i løpet av det fyrste året med id-kort for tilsette. Samtidig har skatteinngangen i bransjen auka sterkt. -Det er gledeleg at id-kortet viser seg å ha effekt, seier arbeids- inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Talet på registrerte verksemder innan byggjenæringa har auka kraftig i løpet av det fyrste året med id-kort for tilsette. Samtidig har skatteinngangen i bransjen auka sterkt. -Det er gledeleg at id-kortet viser seg å ha effekt, seier arbeids- inkluderingsminister Dag Terje Andersen.  

1. januar 2008 innførde myndigheitene krav om id-kort for alle som jobbar på byggje- og anleggsplassar, både nordmenn og utlendingar.   - For å få id-kort må firmaet vere lovleg registrert i relevante offentlege register. Ein må med andre ord jobbe i eit firma som har papira sine i orden for å få kortet, seier statsråd Dag Terje Andersen.   

Id-kortordninga er eit tiltak som tek sikte på å føre til auka seriøsitet og meir effektiv kontroll med helse, miljø og tryggleik på byggje- og anleggsplassane. Inspektørane i Arbeidstilsynet melder om at det etter innføringa av ordninga er enklare å få oversikt over aktørane på byggjeplassane, fordi arbeidsgivar står oppførd på korta. Det har tidlegare ofte vore eit problem å identifisere den formelle arbeidsgivaren til arbeidstakarane.  

Arbeidstilsynet gjennomførte i januar ein aksjon på byggjeplassar i Oslo med fokus på kontroll av id-kort. 250 verksemder med totalt 1000 tilsette blei kontrollert. Av desse hadde 85 prosent id-kort. Av dei korta som Arbeidstilsynet har kontrollert er det ikkje funne eller vore mistanke om urette opplysningar eller forfalska kort. Bransjen sjølv er også godt fornøgd med id-kortet, og synest ordninga fungerer i samsvar med intensjonen.   

Hovudinntrykket er at id-kortordninga er godt kjent i bransjen, og at dei fleste firma har sørgt for kort til sine tilsette. Mange har likevel trutt at firma som tilbyr tenester i forbrukarmarknaden ikkje er omfatta av ordninga. Det er ikkje tilfelle. Regelen er at kortet skal festast lett synleg, slik at det blir enkelt å skilje dei useriøse aktørane frå dei seriøse.