Historisk arkiv

Strengare krav til mellombels arbeidsløyve for asylsøkjarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har instruert Utlendingsdirektoratet (UDI) om å innskjerpe praksisen for asylsøkjarar som ønskjer mellombels arbeidsløyve. No må dei kunne dokumentere identiteten sin for å få eit slikt løyve.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har instruert Utlendingsdirektoratet (UDI) om å innskjerpe praksisen for asylsøkjarar som ønskjer mellombels arbeidsløyve. No må dei kunne dokumentere identiteten sin for å få eit slikt løyve.

Ein asylsøkjar kan få mellombels arbeidsløyve. Eit av vilkåra for å få slik løyve no, er at det ikkje skal vere tvil om identiteten til søkjaren.

– Det er viktig at vi kjenner identiteten til dei som oppheld seg i Noreg. Praksisendringa kan medverke til at fleire legg fram identitetsdokument. I tillegg kan det føre til at personar med økonomiske motiv ikkje reiser til Noreg for å søkje asyl, seier statsråd Dag Terje Andersen.

Utlendingsdirektoratet (UDI)har hittil ikkje kravd dokumentasjon på identitet for å gi mellombels arbeidsløyve. Departementet har instruert UDI om å endre praksis, slik at det no er eit slikt dokumentasjonskrav for å få mellombels arbeidsløyve. For enkelte nasjonalitetar vil det ikkje vere praktisk mogeleg å leggje fram dokument som kan stadfeste identiteten. For desse asylsøkjarane blir det kravd at dei sannsynleggjer identiteten sin.

I dag har få søkjarar identifikasjonsdokument når dei søkjer asyl. Endringa omfattar derfor mange asylsøkjarar.


Les instruksen her.