Historisk arkiv

67 400 arbeidslause – 2 300 fleire i februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

–Arbeidsløysa aukar, og stadfestar behovet for dei tiltaka som blei vedteke av Stortinget 13. februar, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar til ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

–Arbeidsløysa aukar, og stadfestar behovet for dei tiltaka som blei vedteke av Stortinget 13. februar, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar til ny statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at den registrerte arbeidsløysa auka med 2 300 personar frå januar til februar.

 –Sidan arbeidsløysa normalt går noko tilbake i februar, inneber utviklinga likevel ein klart svekka arbeidsmarknad. Hvis ein justerer for normale sesongvariasjonar, har den registrerte arbeidsløysa auka med om lag 5 000 personar den seinaste månaden, seier statsråden.

 –Regjeringa har lagt fram tiltak for å stimulere etterspurnaden etter arbeidskraft. Effekten av tiltaka på arbeidsmarknaden begynner no å bli synleg enkelte stader og vil bli styrka ut over i året. Vi reknar likevel med ein fortsatt auke i arbeidsløysa framover, derfor er det viktig at NAV no er godt i gang med arbeidsmarknadstiltak for dei ledige, avsluttar statsråden.

 Ved utgangen av februar var det registrert 67 400 heilt arbeidslause og permitterte. Det er 25 400 fleire enn på same tid i fjor. Det siste året har den største auken i arbeidsløysa vore blant menn, ungdom og personar med bakgrunn frå bygg og anlegg. Permitteringane har auka med 9 900 sidan februar i 2008.