Historisk arkiv

Må rekruttere fleire personar med innvandrarbakgrunn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

For fjerde gong møtte ein statsråd representantar frå 25 statleg eigde verksemder for å diskutere korleis ein kan leggje til rette for mangfald i verksemdene og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Måndag 12. april møtte barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken representantar frå 25 statleg eigde verksemder.

- Me er på rett veg, men me kan framleis bli betre. Både når det gjeld faktiske tilsetjingar av
personar med innvandrarbakgrunn, men også når det gjeld å utnytte kompetansen desse menneska har når dei fyrst er tilsett. Arbeidsgjevarar som ikkje jobbar med rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn og mangfald på arbeidsplassen, risikerer å gå glipp av dei best kvalifiserte søkjarane både til ledige stillingar og til leiarposisjonar, sa statsråd Audun Lysbakken.

Statistikken viser at det store fleirtalet innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i
Noreg deltar i arbeidslivet. Dei fleste er økonomisk sjølvstendige, snakkar norsk og deltar og bidrar på ulike arenaer i samfunnet. Noreg kjem også godt ut også samanlikna med andre
land, viser ein OECD-rapport som kom i fjor.

- Men me kan ikkje kvile på laurbæra når arbeidsløysa blant innvandrarar er omkring
tre gonger høgare enn nivået i folkesetnaden elles, påpekar Lysbakken.

IMDis rapport
På møtet med dei statlege eigde verksemdene la Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) fram rapporten ”Mangfold i heleide statlige virksomheter”. Rapporten er ein dokumentasjon på korleis dei 25 heileigde statlege verksemdene arbeider for å auke rekrutteringa av innvandrarar og legg til rette for mangfald på eigen arbeidsplass. Rapporten for 2009 viser mellom anna:

• Talet søkjarar med innvandrarbakgrunn har auka, mens talet som fekk jobb har gått noko ned samanlikna med 2008.
• Søkjarar med fleirkulturell bakgrunn har noko mindre sjanse til å kome
til intervju og blir i noko mindre grad tilsett etter intervju enn søkjarane elles.
• I de 17 verksemdene ein kan samanlikne i perioden 2006-2009, har delen nytilsette med fleirkulturell bakgrunn vore stabil på mellom 12 og 14 prosent.
• Talet fleirkulturelle leiarar har auka noko sidan 2008 (fem av 356 toppleiarar har nå fleirkulturell bakgrunn).

Ny oppmoding frå ministeren
IMDi har følgt opp verksemdene mellom dei fire møta og utvikla ein årleg statusrapport som blir presentert kvar gong statsråd og representantar for verksemdene møtes. Kvart år har også den aktuelle statsråd kome med ei konkret utfordring til verksemdene, mellom anna å kalle inn personar med innvandrarbakgrunn til intervju og å opprette rekrutteringsplassar. I mars 2009 oppfordra dåverande arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen bedriftene til å halde fram med arbeidet frå året før med å få fleire personar med innvandrarbakgrunn i leiarstillingar og å motvirke at innvandrarar fell fyrst ut av arbeidsmarknaden som følgje av finanskrisa.

Denne gongen kom barne-, likestillings- og inkluderingsministeren med oppmoding om å framleis auke rekrutteringa og auke rekrutteringa av leiarar med innvandrarbakgrunn.

- Den fyrste utfordringa er å sjå ressursane som fins blant personar med innvandrarbakgrunn, og tilsetje fleire. Spesielt er det viktig å vere obs på dei mange norskfødde med
innvandrarbakgrunn som nå er på veg ut i arbeidslivet. Eg er også opptatt av å rekruttere inn fleire leiarar. Av i alt 356 toppleiarar er fem personar registrert med fleirkulturell
bakgrunn. Dette er rett nok tre toppleiarar fleire enn i 2008, men det er langt igjen før me
når eit akseptabelt nivå. Auka rekruttering av leiarar med innvandrarbakgrunn vil derfor
vere ei utfordring også i 2010.

Les heile rapporten frå IMDi her: http://imdi.no/Documents/Rapporter/Rapport_2-2010_Heleide_statlige.pdf