Betre resultat når unge påverkar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Nyhet | Dato: 14.10.2011
Det var eitt av hovudpoenga til barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken då han hadde dialogforum med ungdomsrepresentantar frå fylka tidlegare denne veka.
- Når barn og unge deltar og påverkar i saker som gjeld dei, blir resultata mykje betre enn om dei ikkje hadde gjort det. Eg er opptatt av at barn og unge skal bli høyrt og delta i demokratiet, seier statsråden.
Ein av deltakarane på dialogforumet i fjor, Anders Kristiansen frå Ungdommens fylkesråd i Troms, omkom 22. juli på Utøya.
- Eg kjem aldri til å gløyme møtet med Anders. Engasjementet han hadde og som de har, er viktig og inspirerande, seier statsråden.
Ungdomane sjølv gav uttrykk for at det er viktig at det ikkje er eit show-off-demokrati, men at dei unge faktisk har reel mogelegheit til å påverke i kommunane, fylka og nasjonalt. Mange av representantane gav konkrete døme der dei faktisk har påverka, dei var opptatt av rolla til lærling- og elevombodet og hadde ønskje om at det bør bli lovpålagt med ungdomsråd i kvar kommune.
- Og så er me glade for at du nå ønskjer å ta med barn på råd i tilsetjingsprosessen av nytt Barneombod, skrytte dei unge.
Ungdomane og statsråden diskutere også mellom anna korleis ein best kan stimulere til auka deltaking blant ungdom, barn og unges rett til utdanning, tiltak for å redusere fråfall i skulen og kva som kan gjerast for å motverke diskriminering.
Statsråden på Dialogforum med ungdomsrepresentantar frå fylka. (Foto: E. Johansen, BLD)