Nyhet, 30.03.2011

Ny intervjuordning skal rekruttera fleire med innvandrarbakgrunn

Sarpsborg kommune underteikna i dag ein avtale som forpliktar kommunen til å ta inn minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju.

Dette er ein avtale mellom kommunen og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), og Sarpsborg er den fyrste kommunen som har inngått ei slik ordning.
 – Sarpsborg blir ein inspirasjon for andre kommunar, sa barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken då han i dag vitja Sarpsborg for å lansere intervjuordninga.
– Denne ordninga skal gje alle lik sjanse til å bli med. Vi må sørgje for at alle får like moglegheiter.
Varaordførar i Sarpsborg, Linda Karlsen Duffy, understreka at ho hadde stor tru på prosjektet, og at dei på denne måten kan få endå fleire dyktige folk til kommunen. – Vi ynskjer mangfold, sa ho.

Fakta om ny intervjuordning (pdf)

Sjølve signeringa fann stad på Sarpsborg Sjukeheim, som har arbeidd målretta med å rekruttere tilsette med ulik bakgrunn. Dei har tilsette frå 15 ulike nasjonalitetar, og Lysbakken fekk møte to av dei; fagansvarleg Dobrinka Liptcheva og teamleiar Mergita Jupolli. Jupolli har bakgrunn frå Kosovo, og trur ordninga vil fungera. – Det skal ikkje vera nødvendig å endra namn for å få jobb, seier ho.


Rådmann i Sarpsborg Kommune Unni Skar og Geir Barvik, direktør i IMDi, skriv under på avtalen.




Statsråd Audun Lysbakken saman med (frå venstre) Mergita Jupolli, viseordførar Linda Karlsen Duffy og Dobrinka Liptcheva.

Til Barne,- likestillings- og inkluderingsdepartementets forside
pub01