Torsdag møtte barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken den russiske presidentens representant for barns rettar, Pavel Astakhov.

Sidan 2001 har Russland og Noreg hatt eit nært samarbeid om å utvikle tiltak og tilbod som kan betre levekåra til utsette barn og unge og deira familiar. Dette er ein del av det multilaterale samarbeidet i Barentsregionen.
- Det er eit positivt samarbeid. Me utvekslar og deler erfaringar på tvers av landegrensene. Det viktigaste med samarbeidet er å hjelpe dei mest utsette barna til eit betre liv, seier Lysbakken.

For Noreg er Russland eit viktig naboland å samarbeide med. Særleg i dei nordlegaste områda har samarbeidet utvikla seg til det beste for begge landa.
Viktige felles problemstillingar for både Russland og Noreg er korleis ein bør jobbe med familiane og kome tidlegare inn og førebyggje omsorgssvikt. Korleis ein kan styrkje familien som den viktigaste omsorgsbasen for barnet var også tema på møtet.

Unge lovbrytarar
I 2009 byrja Russland og Noreg å samarbeide om gruppa unge lovforbrytarar. Det er etablert fleire konkrete prosjekt mellom russiske og norske instansar. Alternativ til tradisjonell straff, soningsforhold for unge og vellukka rehabilitering er nokre av samarbeidsområda.

- Begge landa har erfart at skal ein få positive resultat må ein ha større merksemd på sosial rehabilitering, seier statsråden.

Utfordrande barnevernssaker
Frå russisk side blei det tatt opp utfordrande barnevernssaker der russiske og norske statsborgarar er involverte. Pavel Astakhov kom med eit forslag om at Noreg og Russland bør sette ned ein bilateral kommisjon som skal gje råd i familietvistar og barnevernssaker der norske og russiske statsborgarar er involverte. Lysbakken uttrykte forståing for det russiske engasjementet for russiske statsborgarar, men viste til strukturen som er i Noreg nemleg at enkeltsakene og sakshandsaminga i følgje norsk lov føregår i kommunanes barnevernstenester og ikkje på politisk nivå.

Barneminister Audun Lysbakken (t. v.) hadde torsdag møte med den russiske presidentens representant for barns rettar, Pavel Astakhov (i midten) og regiondirektør i Bufetat region Nord, Pål Christian Bergstrøm.

Barneminister Audun Lysbakken (t. v.) hadde torsdag møte med den russiske presidentens representant for barns rettar, Pavel Astakhov (i midten) og regiondirektør i Bufetat region Nord, Pål Christian Bergstrøm (Foto: BLD).