Historisk arkiv

Fleire innvandrarar i jobb med Jobbsjansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa føreslår å setje av nye 30 millionar kroner til å innføre Jobbsjansen frå sommaren 2013. Målsetjinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som ikkje blir fanga opp av andre ordningar. Tiltaket skal særleg vere retta mot innvandrarkvinner. Forsøksordninga Ny sjanse blir ein del av Jobbsjansen.

Regjeringa føreslår å setje av nye 30 millionar kroner til å innføre Jobbsjansen frå sommaren 2013. Målsetjinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som ikkje blir  fanga opp av andre ordningar. Tiltaket skal særleg vere retta mot innvandrarkvinner. Forsøksordninga Ny sjanse blir ein del av Jobbsjansen. 

 - Eg er glad for å kunne utvide satsinga for denne målgruppa, og gjere det om til eit  permanent tiltak. Arbeid gir økonomisk sjølvstende, og er det viktigaste verkemiddelet til å motverke fattigdom. Det er og viktig for å jamne ut forskjellar og for å oppnå likestilling mellom kvinner og menn. Med Jobbsjansen gjer vi meir av det vi veit fungerar, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.

Det er store variasjonar i deltakinga i arbeidslivet blant innvandrarar. Ei særleg utfordring er låg sysselsetjing i nokre grupper av kvinner med innvandrarbakgrunn. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet, er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Desse kvinnene er derfor ikkje i kontakt med NAV eller igang med kvalifisering for arbeidslivet.

- Auka yrkesdeltaking blant kvinner med innvandrerbakgrunn er ein prioritet for regjeringa. Jobbsjansen er ein av fleire satsingar på området. Seinare i haust skal regjeringa leggje fram ei ny stortingsmelding om integrering, seier statsråd Thorkildsen.

Forsøksordninga med Ny sjanse har sidan 2005 mellom anna gitt heimeverande kvinner og langtids sosialhjelpsmottakarar moglegheit til kvalifisering og arbeid.

I ein samfunnsøkonomisk analyse som nyleg er gjennomført, vert Ny sjanse omtalt som samfunnsøkonomisk lønnsamt (Proba 2012). Mange av kvinnene i målgruppa har stått utanfor systema over lang tid og kan ha utfordringar med manglande ferdigheiter i norsk, stort omsorgsansvar i familien og lite nettverk. Med Jobbsjansen får fleire moglegheit til kvalifisering og jobb, og ikkje minst til deltaking i samfunnet.