Teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt.
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Nyhet | Dato: 10.06.2013
Ei ny studie frå NOVA har sett på korleis etatar og tenester som samarbeider, praktiserer reglane om teieplikt. Forskarane skildrar eit regelverk som er komplisert og fragmentarisk. Dessutan er det i stor grad yrkesutøvarar utan juridisk kompetanse som nyttar seg av regelverket.
Ei ny studie frå NOVA har sett på korleis etatar og tenester som samarbeider, praktiserer reglane om teieplikt. Forskarane skildrar eit regelverk som er komplisert og fragmentarisk. Dessutan er det i stor grad yrkesutøvarar utan juridisk kompetanse som nyttar seg av regelverket.
Forskarane peiker på store utfordringar med å formidle god regelkunnskap til dei som nytter seg av regelverket, og å sikre ein praksis i tråd med intensjonane.
Ei rekkje alvorlege saker den seinare tida har vist kor viktig det er at ulike instansar og tenester snakkar, handlar og praktiserer godt saman. At informasjon ikkje flyt som han skal kan ha store konsekvensar. Til no har vi ikkje visst så mykje om korleis dette har vore praktisert.
Målet med NOVA-prosjektet er å få meir kunnskap om praktisering av teieplikta mellom tenester som samarbeider, blant anna helse- og omsorgstenestene, politiet, kriminalomsorg, barnevernet, barnehage og skule. Forskarane har undersøkt om praksis er i tråd med regelverket slik myndigheiter tolkar det i rundskriv og rettleiarar, og kva det skuldast dersom regelverket ikkje vert praktisert i tråd med intensjonane.
Prosjektet er gjort på oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har delteke i referansegruppa og delfinansiert rapporten. Prosjektet er blant anna ei oppfølging av Flatø-utvalet sin rapport.
Departementa samarbeider no om korleis ein skal følgje opp rapporten frå NOVA.