Historisk arkiv

Barns deltaking er sentralt for å sikre barnerettar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Det var særleg to tema statsråd Solveig Horne trakk fram då ho torsdag innleia på høgkonferanse om barns rettar i Dubrovnik: Å bekjempe vald mot born samt å la born delta og få ei stemme i saker som angår dei.

Det var særleg to tema statsråd Solveig Horne trakk fram då ho torsdag innleia på høgkonferanse om barns rettar: Å bekjempe vald mot born samt å la born delta og få ei stemme i saker som angår dei. 

Ekspertar, politikarar og representantar frå FN og EU er blant deltakarane på Europarådets store konferanse om strategien for borns rettar. Strategien skal vere ferdig i 2015.

Dei fire hovudmåla i strategien er:

- å legge til rette for barnevennlege tenester

- å bekjempe vald mot born

- å beskytte rettane til utsatte og sårbare born

- å fremje borns deltaking

Statsråd Solveig Horne framheva også regjeringa sitt arbeid med strategien for å bekjempe vald og seksuelt misbruk av born. Ho viste til kor viktig det er at barn deltek i saker som gjeld dei sjølve. Barn som vert tatt med og får god informasjon på ein måte dei forstår vil også i større grad vere viktige medspelarar i å finne løysingar.

- Det er svært viktig at born og unge vert behandla som individ med respekt og tillit, og blir sett på som ressursar. Å inkludere og sleppe til born og unge er den viktigaste langsiktige investeringa vi kan gjere, avslutta statsråd Solveig Horne.

Her kan du lese heile innlegget til statråd Solveig Horne.