Historisk arkiv

Målrettar tilbodet med gratis kjernetid i barnehage

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Sidan 2006 har staten hatt ei forsøksordning med gratis kjernetid i barnehage. No opnar barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne for at ordninga kan målrettast og utvidast.

- Foreløpige resultat frå evalueringa viser at forsøket med gratis kjernetid i barnehage har vore vellukka. Men eg ville vite korleis det kunne bli enda betre. Derfor inviterte eg Drammen, Oslo og Bergen kommune til å kome med innspel. Kommunane ynskte seg ei meir målretting av tilbodet og det har regjeringa opna for, seier statsråd Solveig Horne (FrP).

Forsøksordninga med gratis kjernetid har betydd gratis barnehageopphald 20 timar i veka til barn i område med mange minoritetsspråklege barn. Det har vore gjennomført i seks bydelar i Oslo, to område i Drammen og tre skulekrinsar i Bergen. 

Meir målretting

Frå denne hausten vil tilbodet i Drammen, Bergen og bydel Gamle Oslo i staden bli retta mot barn i familiar med låg inntekt. I tillegg vil det bli kopla til ein aktivitetsplikt for foreldra. Det betyr at dersom dei skal ha rett på gratis barnehageplass for sine barn, må foreldra for eksempel delta i norskopplæring, utdanning eller arbeidsliv. Innhaldet i aktiviteten skal vere tilpassa den enkeltes ressursar og behov og det kan vere lågterskelaktivitetar.

- Dette er først og fremst bra for barna. Dei får gå i barnehage, bli betre førebudde til skulestart og får lære norsk dersom dei ikkje kan det. I tillegg stimulerer ordninga framandspråklege til raskare integrering, seier Horne.

Besøk i Drammen

1. oktober innfører Drammen kommune gratis barnehage for alle med ei samla inntekt under fire gongar folketrygdas grunnbeløp, som tilsvarar 353.480 kroner. Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren var onsdag på besøk i ein av barnehagane.

- Eg er imponert over arbeidet Drammen kommune har gjort med å gå å banke på dører for å innvandrarbarn i barnehagen. Det er utruleg viktig at barna kjem seg i barnehagen og får ei verdifull kontakt med norsk språk og kultur. Vi ser også at familiar med innvandrarbakgrunn får større tillit til barnehagar og ser verdien av at barna deira går her og får gode norskkunnskapar, seier statsråden.