Historisk arkiv

Ny kunnskap om norske born på skule i utlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Kva skjer med born og unge med innvandrarbakgrunn som tilbringer delar av oppveksten i utlandet? Ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforsking gir oversikt over omfang, årsaker til og konsekvensar av borns utanlandsopphald.

Rapporten "Transnasjonal oppvekst – Om lengre utenlandsopphold blant barn og unge med innvandrerbakgrunn" er lagd på oppdrag frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

- Det er bekymringsfullt at born blir sendt ut av Noreg mot sin vilje. Rapporten viser at nokre av borna mistar norsk språk raskt og slit fagleg og sosialt når dei kjem tilbake til Noreg. Målet må vere å hjelpe desse borna, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Rapporten ser på utflyttingar og retur for born med bakgrunn frå 15 land utanfor EØS. Av dei rundt 6000 borna som var registrert utflytta ved inngangen til 2012, hadde 30 prosent bakgrunn frå Somalia. I tillegg til omfangsundersøkinga har forskarane bak rapporten intervjua foreldre og born med erfaring frå lengre opphald i Somalia og Pakistan.

Dei som vart intervjua gir samstemte råd til dei som vurderer eit utanlandsopphald: Born må ikkje tvingast til å reise, dei må ikkje bu åleine utan familien, og opphaldet bør tilpassast livsforma dei er vande med frå Noreg.

Statsråd Solveig Horne vil no sjå på korleis myndigheitene kan syte for at borna blir ivaretatt.

- Mitt departement ser på moglegheita for at ein kan overta omsorgsansvaret for born som er busette i Noreg, men som oppheld seg midlertidig i utlandet. Vi ser på om vi skal endre barnelova og barnevernlova og saman med Justisdepartementet vurderer vi også korleis passlova verkar for desse borna, seier Horne.