Historisk arkiv

Omsorgssvikt blir ikkje oppdaga hos born med diagnosar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Seminar i BLD

Sted: Hotel Bristol, Møtesal Maud, Kristian IVs gate 7, Oslo.

I fleire tilfelle har ikkje omsorgssvikt vorte oppdaga fordi ein diagnose hos barnet har teke all merksemda. Dette hende både i Christoffer- og Alvdal-saka. Det har òg vore tilfelle av omvend problemstilling, der born sine medfødde vanskar vert tolka som tilknytingsforstyrring, og borna vert tekne ut av familien og heimen på feil grunnlag.

Barneminister Inga Marte Thorkildsen inviterer difor til seminar om diagnosar og omsorgssvikt. Statsråden kallar inn leiande forskarar og fagfolk til seminar for å skape merksemd og skaffe meir kunnskap om temaet.

Følgjande problemstillingar vert diskutert:

  1. Korleis oppdage omsorgssvikt hos born med symptom på autisme, ADHD og åtferdsvanskar? Kva skal til for at tenestene får til dette?
  2. Korleis kan vi unngå at symptom på ADHD og autisme vert misforstått som teikn på omsorgssvikt?
  3. Korleis skilje borns skader etter ulykker frå skader etter vold?
  4. Korleis kan hjelpeapparatet, skule og barnehage bli flinkare til å oppdage born som treng hjelp, og sette rett merkelapp på vanskane så dei får hjelpa dei treng?

Desse kjem:

  • Maria Reklev, Landsforeningen for barnevernsbarn
  • Ragnhild Busterud Holden, Autismeforeininga
  • Marianne Oftedal, ADHD Norge
  • Stig Torsteinson, psykolog ved Nic Waals Institutt og Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse
  • Anett Apeland og/eller Elisabeth Askeland, Åtferdssenteret
  • Overlege Jens Grøgard, Helsedirektoratet. Var sakkyndig i Christoffer-saken.
  • Avdelingsdirektør Gitte Huus, Helsedirektoratet.
  • Psykolog Ann Kristin Imenes, Nøtterøy kommune.