2.3.1 Årsaksdiskusjonen
Dei spørsmåla som lengst og mest intenst har oppteke forskinga om lesbiske og homofile, er knytte til årsaksforholdet. Kva er grunnen til at somme blir homoseksuelle? Er homofili ei livsform ein vel, eller er det ei legning ein oppdagar? Er homofili eit biologisk eller eit sosialt fenomen? Desse spørsmåla har på ingen måte fått noka endeleg avklaring, og alle teoriar er omstridde. Trass i at forskinga omkring desse spørsmåla har gått føre seg gjennom heile førre hundreåret, står ulike forskingsmiljø framleis mot kvarandre.
Den vitskaplege debatten kan ein vanskeleg sjå på som nøytral eller uavhengig av politiske og ideologiske føringar. Ofte har det vitskaplege ønsket om å finne ei årsaksforklaring på homofili også vore nært knytt til eit like sterkt ønske om å finne ein «kur». Dette ønsket kan ein dermed sjå på som eit ledd i at samfunnet har diskriminert og undertrykt denne gruppa. Den vitskaplege interessa for å finne årsakene til homofili har på den andre sida også inngått som eit ledd i kampen om like rettar og eit særskilt rettsvern for homofile og lesbiske.
I tida før dei vitskaplege teoriane om homoseksualitet, spelte kyrkja og religiøse forklaringar på seksualiteten hos mennesket ei avgjerande rolle. Det gjer ho framleis, ikkje minst i vår eigen kulturkrins. Eit tradisjonelt kristent syn ser på lysta som ein del av arvesynda, og den enkelte må greie å tøyle denne lysta. At kyrkja skulle få ei så viktig rolle i spørsmål knytte til seksualitet, heng saman med korleis verdslege og geistlege styresmakter i si tid fordelte makta mellom seg, der kyrkja etter kvart kom til å få jurisdiksjon over ekteskapet.
1 Samlivet blei dermed eit av spesialfelta for kyrkja, og ekteskapet skulle vere den institusjonen som regulerte samliv. Seksualiteten skulle etter kyrkja sitt syn berre stå i teneste for forplantninga. Homoseksualitet blei derfor, til liks med ei rekkje andre seksuelle handlingar, fordømd. Det som utløyste ei eventuell homoseksuell handling, var ein ukontrollert lyst, og denne lysta uttrykte arvesynda. Prinsipielt stod alle i fare for å gjere slike handlingar. Slik sett blei homoseksualitet sett på som ein moralsk veikskap, snarare enn som ein disposisjon eller ei legning hos det enkelte mennesket.
Synet innanfor kyrkja skulle likevel ikkje bli verande det einaste. Etter kvart som vitskapen fekk stadig større innverknad utover på 1800-talet, i første omgang særleg naturvitskapane, blei den forståinga som var grunngjeven religiøst, utfordra. Framleis skulle drift og lyst stå sentralt, men opphavet til denne lysta blei forstått på ein annan måte: Biologiske særtrekk får somme til å kjenne ei fysisk draging mot personar av eige kjønn, og dette blei sett på som eit
ibuande trekk ved personlegdommen til den enkelte homoseksuelle. I og med at dette inneber at «ein er slik», blei denne vitskaplege posisjonen ein viktig føresetnad i den politiske kampen for å oppheve straffeforbodet mot homoseksuelle handlingar, og talsmenn for homoseksuelle gav si tilslutning til ei biologisk orientert forklaring.
Eit hovudskilje innanfor dei vitskaplege forklaringane på homofili går mellom
essensialistiske og
konstruktivistiske teoriar. Essensialistane hevdar - i tråd med den vitskaplege posisjonen som er nemnd ovanfor - at det i mennesket er nedfelt ein bestemt natur eller essens som er med på å styre den seksuelle preferansen hos den enkelte. Nokre menneske er «skapte slik», dei har ei homoseksuell legning. Teorien går ut på at den seksuelle identiteten blir påverka av både psykologiske og biologiske forhold. Dei biologiske faktorane kan vere genetiske eller hormonelle. Det er gjort mange studiar for å prøve ut desse teoriane, utan at ein har kome fram til noko eintydig resultat.
2
Konstruktivistane hevdar derimot at seksualiteten hos menneska er eit komplekst og samansett fenomen. Han er diffus, og utforminga han får, avheng dels av kva for alternativ som står opne i det samfunnet ein er ein del av, men også av kva måte individet sjølv ønskjer å utforme sin seksualitet på. Konstruktivistane fokuserer på korleis homoseksualitet kjem til uttrykk og gjer seg gjeldande på ulikt vis under ulike kulturelle og samfunnsrelaterte vilkår.
Den essensialistiske posisjonen har blitt utsett for sterk kritikk frå konstruktivistisk hald. Med den aukande innverknaden samfunnsvitskapane fekk frå utgangen av 1960-talet, blei fokus for forskinga flytta frå
den homoseksuelle personlegdommen til
måtar å vere homoseksuell på, det vil seie roller, subkulturar og identitetar. Ideen er at dei seksuelle kategoriane ikkje er universelle, men viser til at kulturar og epokar har ulike måtar å organisere og fortolke ulike former for kjærleik og seksuelle handlingar på.
3
Det å flytte fokus til måtar å vere homoseksuell på, gjev ikkje utan vidare noka alternativ forklaring på kvifor somme blir homoseksuelle og andre ikkje blir det. Forsøket på å finne ei forklaring blir då også av mange sett på som uinteressant, og i verste fall som uttrykk for ei diskriminerande haldning.
Mange forskarar prøver i dag å stille seg i ei mellomstilling mellom ytterpunkta i dei to motstridande posisjonane. Prieur ser dei biologiske faktorane som eit sett disposisjonar som fordeler befolkninga langs eit kontinuum, i ein tenkt skala over erotisk preferanse. Deretter vil både individuelle og kulturspesifikke forhold gjennom sosialiseringa verke med til å avgjere plasseringa på skalaen. Verken biologien eller kulturen kan vere avgjerande i absolutt forstand. Sjølv dei mest heteroseksuelt disponerte kan under visse sosiale forhold ha seksuell omgang med eige kjønn. Eit sterkt sosialt press kan hindre dei mest homoseksuelt disponerte frå å ha sex med eige kjønn. Mennesket kan med andre ord alltid overskride både biologien og den sosiale forminga.
4
Denne diskusjonen kan djupast sett vere uttrykk for at ein ser på homoseksualitet som noko uønskt, og noko som ikkje kan endrast. Menneske er homofile og heterofile. Menneske lever homoseksuelt og heteroseksuelt. Utgangspunktet for regjeringa er respekt for homofile og ein aksept av det homoseksuelle livet.