FNs konvensjon om barnerettane
- forkorta utgåve
1. ALDER 18 ÅR Alle under 18 år er
barn, dersom ikkje ein tidlegare alder er lovfesta av staten.
2. INGEN DISKRIMINERING Rettane i
konvensjonen gjeld for alle barn utan forskjellsbehandling og utan
omsyn til barnet og foreldras rase, farge, kjønn, språk, religion,
opphav, eigedom, funksjonshemming eller oppfatningar. Staten skal
sørgje for at ingen vert diskriminert.
3. TIL BARNETS BESTE Handlingar som
vedgår barn som vert sett i verk av styresmakter og organisasjonar,
skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best.
Staten skal sørgje for at dei institusjonar og tenester som har
ansvaret for omsorga eller vernet av barn, har den standard som er
fastsett, særskilt med omsyn til tryggleik, helse, talet på
tilsette og deira kvalifikasjonar så vel som kompetent tilsyn.
4. STATENS ANSVAR Det er staten
sitt ansvar å setje barnerettane ut i livet.
5. FORELDREANSVARET Staten skal
respektere dei rettane og pliktene foreldra og andre føresette har
for å gi barnet rettleiing og støtte slik at barnet skal kunne
hevde rettane til konvensjonen.
6. RETT TIL LIV Staten pliktar så
langt som mogleg å sørgje for at barn overlever og veks opp.
7. NAMN OG STATSBORGARSKAP Barnet
har, rett etter fødselen, rett til namn og nasjonalitet, og så
langt det er mogleg, å kjenne til foreldra sine og få omsorg frå
dei.
8. IDENTITET Staten skal respektere
retten til barnet om å halde på identiteten sin, medrekna
nasjonalitet, namn og familieforhold. Dersom eit barn vert ulovleg
fråteke slik identitet, skal staten hurtig hjelpe til med
gjenoppretting.
9. HALDE FAMILIEN SAMLA Barnet skal
ikkje skiljast frå foreldra sine mot eigen vilje, unnteke når dette
er nødvendig av omsyn til kva som gagnar barnet best.
10. Å SAMEINE ATT FAMILIEN Søknader
om å sameine att familiar over landegrenser skal handsamast på ein
positiv, human og rask måte. Barnet har rett til regelmessig
kontakt med begge foreldra.
11. ULOVLEG UTFØRING OG ATTENDEHALD
Staten skal kjempe mot at barn vert tekne ulovleg ut av eit land
eller hindra frå å vende attende, og skal inngå avtalar med andre
land for å få til dette.
12. Å SEIE MEININGA SI Barnet har
rett til å seie meininga si i alt som kjem det ved, og barnet sine
meiningar skal det leggjast vekt på.
13. FÅ OG GI INFORMASJON Barnet har
rett ytringsfridom, til å søkje, ta imot og spreie informasjon og
idear av alle slag og på alle måtar.
14. TANKE-, SAMVITS- OG
RELIGIONSFRIDOM Barnet har rett til tanke-, samvits- og
religionsfridom. Staten skal respektere rettane og pliktene til
foreldra til å opplyse barnet om rettane sine i slike spørsmål.
15. ORGANISASJONSFRIDOM Barnet har
rett til organisasjonsfridom og rett til å vere med i
samkommer.
16. RETT TIL PRIVATLIV Barnet skal
ikkje verte utsett for vilkårleg eller ulovleg innblanding i
privatlivet sitt, i familien, i heimen eller i korrespondansen sin.
Det skal verte verna mot ulovlege åtak mot ære og omdøme.
17. MASSEMEDIA Staten skal sikre
barn tilgang til informasjon frå eit mangfald av nasjonale og
internasjonale kjelder. Staten skal oppmuntre massemedia og
forleggjarar til å spreie informasjon som skapar forståing,
kunnskap, sosiale dugleikar og velvære, til å lage eige barnestoff,
også for barn som høyrer til ei minoritetsgruppe eller eit urfolk.
Staten skal verne barna mot skadeleg informasjon.
18. FORELDREANSVARET Begge foreldra
har eit hovudansvar for omsorga og utviklinga til barnet etter kva
som er best for barnet. Staten skal gi støtte og sikre utvikling av
institusjonar, tenester og tiltak for å gje barn omsorg, medrekna
omsyn til utearbeidande foreldre.
19. VERN MOT MISBRUK Staten skal
verne barnet mot fysisk eller psykisk mishandling, vanstell eller
utnytting frå foreldre og andre omsorgspersonar.
20. BARN UTAN OMSORG FRÅ FAMILIEN
Barn som er utan familiemiljø, har særleg rett på vern og omsorg,
til dømes ved plassering i fosterheim, eller om det er naudsynt,
ved høveleg institusjon eller ved adopsjon.
21. ADOPSJON Nasjonal og
internasjonal adopsjon skal berre finne stad i samsvar med lova, og
skal vere autorisert av styresmaktene. Adopsjon i utlandet skal
ikkje resultere i urettvis økonomisk forteneste, og bør verte sett
på som eit alternativ til omsorgstiltak i barnet sitt eigentlege
opphavsland.
22. FLYKTNINGBARN Barn som søkjer
flyktningstatus eller som vert sett på som flyktningar, skal få
nødvendig vern og humanitær hjelp. Staten skal i samarbeid med
internasjonale organ hjelpe eit barn som er åleine til å verte
sameina att med foreldra sine.
23. FUNKSJONSHEMMA BARN Psykisk og
funksjonshemma barn har rett til å leve eit fullverdig og anstendig
liv under tilhøve som sikrar barnet sin vørdnad, fremjar
sjølvtillit, og lettar aktiv deltaking i samfunnet. Eit
funksjonshemma barn har rett til særleg omsorg. Barnet skal få
undervisning, opplæring, helsetenester, rehabiliteringstenester,
førebuing til arbeidslivet og høve til rekreasjon for å oppnå best
mogleg integrering og individuell utvikling. Staten skal samarbeide
med andre land om dette, og ta særlege omsyn til utviklingslanda
sine behov.
24. HELSE Barnet har rett til å få
den best moglege medisinske behandling og hjelp til å kome seg
etter sjukdom. Staten skal arbeide for å redusere spebarnsdød og
barnedød, sikre at alle barn får nødvendig legehjelp, gi god
helseomsorg til mødrer etter fødselen, kjempe mot sjukdom og gi
orientering og utdanning om helse og riktig ernæring. Staten skal
også arbeide for å avskaffe helsefarlege tradisjonar, samarbeide
med andre land og særleg ta omsyn til utviklingslanda sine
behov.
25. BARN UNDER OFFENTLEG OMSORG
Barn plassert i omsorgstiltak utanfor familiemiljøet har krav på
regelmessig vurdering av behandlinga og opphaldet der.
26. SOSIALTENESTER Staten skal
sikre at barnet får den sosiale hjelpa og den økonomiske stønaden
det har krav på etter lovene i landet.
27. LEVESTANDARD Barnet har rett
til ein levestandard som er tilstrekkeleg på alle område. Foreldra,
eller andre som har ansvaret for barnet, har det grunnleggjande
ansvaret for å sikre dei livsvilkåra som er nødvendige for
utviklinga til barnet. Staten pliktar å gje stønad til dei
føresette.
28. UTDANNING Barnet har rett til
utdanning. Staten skal gjere grunnskuleutdanninga gratis og
obligatorisk, og gjere ulike former for vidaregåande utdanning
tilgjengeleg for alle barn, og setje i verk tiltak for å redusere
talet på dei som ikkje fullfører skulegangen. Disiplin i skulen
skal verte utøvd på ein måte som kan sameinast med menneskeverdet
til barnet. Staten skal også fremje internasjonalt samarbeid om
utdanning, og særleg ta omsyn til utviklingslanda sine behov.
29. MÅLET MED UTDANNING Utdanninga
skal fremje utvikling av personlegdommen til barnet, og teoretiske
og praktiske dugleikar. Den skal skape respekt for menneskerettane
og fremje haldningar om fred, toleranse og vennskap mellom folk.
Utdanninga skal skape respekt for naturen og for barnet sin eigen
og andre sin kultur.
30. MINORITETAR OG URFOLK Barn som
høyrer til ein minoritet eller urfolk, har rett til saman med andre
i gruppa si, å nyte godt av kulturen sin, utøve religionen og bruke
sitt eige språk.
31. LEIK OG FRITID Barnet har rett
til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst og kulturliv.
32. BARNEARBEID Barnet har rett til
å verte verna mot økonomisk utnytting i arbeid og mot å utføre
arbeid som kan svekkje høve til utdanning eller utvikling.
33. NARKOTIKA Barnet har rett til å
verte verna mot ulovleg bruk, omsetjing og produksjon av narkotiske
stoff.
34. SEKSUELL UTNYTTING Barnet har
rett til vern mot alle former for seksuell utnytting og misbruk.
For å verne barn mot slik utnytting skal staten setje i verk alle
nødvendige tiltak, nasjonalt og internasjonalt.
35. BORTFØRING, PROSTITUSJON OG SAL
Staten har plikt til å gjennomføre nasjonale og internasjonale
tiltak for å hindre kidnapping, bortføring eller sal av barn til
eit kvart føremål og i ei kvar form.
36. ANNA UTNYTTING Staten har plikt
til å verne barnet mot alle former for utnytting som er skadeleg
for barnet si velferd.
37. FENGSEL, DØDSSTRAFF OG TORTUR
Barn skal ikkje verte utsett for tortur eller anna umenneskeleg
eller nedverdigande behandling eller straff. Dødsstraff eller
fengsel på livstid utan høve til lauslating er ikkje tillete dersom
brotsverket vart utførd før fylte 18 år. Barn som er i fengsel,
skal haldast skild frå vaksne, om ikkje det motsette vert sett på
som å vere best for barnet. Fengsling skal berre nyttast som ein
siste utveg og for eit kortast mogleg tidsrom. Pågriping og
fengsling skal skje på lovleg måte, og barnet har rett til juridisk
og annan aktuell hjelp og til å få ei rask og uavhengig overprøving
av saka si.
38. BARN I KRIG Staten skal setje i
verk tiltak for å hindre at barn som ikkje er fylt 15 år, tek
direkte del i krigføring.
39. REHABILITERING OG REINTEGRERING
Staten pliktar til å sette i verk alle meiningsfulle tiltak for å
sikre rehabilitering og samfunnsmessig attendeføring av barn som er
offer for misbruk, utnytting, vanstell, tortur, væpna konfliktar
eller anna umenneskeleg eller vanærande behandling eller
straff.
40. BEHANDLING I SAKER OM STRAFF
Barn som er skulda eller dømd for straffbare handlingar, har rett
til ei behandling som sikrar vørdnad og fremjar barnet sin respekt
for menneskerettane. Målet er at barnet finn ein konstruktiv plass
i samfunnet. Staten skal fastsetje ein kriminell lågalder. Det skal
vere høve til å få overprøva ein straffedom av ein høgare
styresmakt eller domstol. Barnet skal få gratis bistand av tolk
dersom barnet ikkje snakkar det språket som vert nytta.
41. NÅR ANDRE LOVER ER BETRE Dersom
andre nasjonale eller internasjonale lover som staten har vedteke,
sikrar barnet betre enn med denne konvensjonen, gjeld desse lovene,
og ikkje konvensjonen.
42. KJENNSKAP TIL KONVENSJONEN SKAL
SPREIAST Staten har plikt til å gjere innhaldet i konvensjonen
kjend for barn og vaksne.