Historisk arkiv

Nasjonale og internasjonale perspektiv:

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Opna konferanse om Rasisme og diskriminering

Barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen opna i dag konferansen Rasisme og diskriminering – nasjonale og internasjonale perspektiv. Konferansen markerer avslutninga på Handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002 – 2006) og oppstarten på arbeidet med ein ny handlingsplan.

Konferansen skal oppsummere dei erfaringar og den kunnskapen som er samla over fleire år. Samstundes ynskjer statsråden å sette det norske arbeidet mot rasisme og diskriminering inn i eit internasjonalt perspektiv. 

- Når fordommar resulterer i handlingar som bryt ned andre menneske slik at dei ikkje får brukt ressursane sine, er det på tide å ta tak i dei. Det skal vere nulltoleranse mot  diskriminerande handlingar, seier barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen.

FNs spesialrapportør på rasisme og diskriminering Dodoue Diene og barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen: Foto Yngve Kveine
FNs spesialrapportør på rasisme og diskriminering Dodoue Diene og barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen: Foto Yngve Kveine

- Eg vonar konferansen vil inspirere både oss som skal arbeide mot rasisme og diskriminering i offentleg forvaltning og for dei som er meir ”ute i felten”. Ikkje minst vonar eg at konferansen og den vidare oppfølginga av han kan bli ei hjelp for dei som opplev rasismen på kroppen i kvardagen, seier statsråden.

Samstundes skal konferansen vere oppstarten på arbeidet med ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering i eit nytt departement.

 - Dette vil bli ei stor og viktig oppgåve for Barne- og likestillingsdepartementet i året som kjem. I tillegg vil arbeidet med ei samla lov mot diskriminering stå høgt på dagsorden i tida framover, seier barne- og likestillingsministeren

Les FNs spesialrapportør Doudou Diènes tale

Les H.K.H Kronprinsessens tale her

Les MPGs rapport her

Les  programmet for konferansen Rasisme og diskriminering – nasjonale og internasjonale perspektiver 

Gruppa Queendom underholdt med sang på arrangementet Foto: Yngve Kveine
Gruppa Queendom underheldt med sang på konferansen Foto: Yngve Kveine

Les fleire nyhende på www.BLD.dep.no