Likestilte parforhold gjev høgare livskvalitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Barne- og likestillingsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.12.2007
Undersøkinga ”Likestilling og livskvalitet 2007” viser at kvinner og menn opplev at det å leve i eit likestilt parforhold gjev høgare livskvalitet. Dei para som er mest likestilte kan glede seg over lågare konfliktnivå og meir stabilitet i forholdet.
Det er særleg samvær med barn likestilte menn seier dei trivst godt med. 80 % av fedrane som arbeidar meir enn 40 timer i veka vil gjerne jobbe mindre og vere meir saman med barna. Fedrane som var åleine saman med barnet under permisjonstida meiner at nettopp dette har ført til betre kontakt med barnet.
- Menn vinn på å leve i eit likestilt samfunn. Det må kommuniserast til alle. Den komande stortingsmeldinga om menn, mannsroller og likestilling vil nettopp sette fokus på mannen si rolle i eit likestilt samfunn, seier barne- og likestillingsministeren.
Studia viser at menn frykter å miste kontakten med barna sine etter eit samlivsbrot i langt større grad enn kvinner. Men det er ein klar haldningsendring i spørsmålet om delt bustad etter samlivsbrot. Frå 1994 til 2007 har lotten kvinner som meiner at barna bør bu likt hjå både foreldra auka frå 37 til 65 % og blant menn frå 65 til 84%.
- Tradisjonelt har likestillingskamp vorte sett i samband med kvinner, og det er kvinner som har reist utfordringane. Mannspanelet sitt bidrag til å trekke likestillingsdebatten inn på nye arenaer og den komande stortingsmeldinga vil være med på å definere mannsperspektivet i likestillingsdebatten, seier statsråd Ramin-Osmundsen
Arbeidsforskningsinstituttet har i samarbete med NIKK har på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet gjennomført undersøkinga som skal bidra til kunnskapsgrunnlaget for ei stortingsmelding om menn. Målet har vore å gjennomføre ei ”undersøking blant kvinner og menn, og deira oppfatning og forståing av kjønnslikestilling i relasjonar, familie, arbeidsliv og samfunn”.
Les undersøkinga "Likestilling og livskvalitet 2007"
Les sammendrag av undersøkinga "Likestilling og livskvalitet 2007"