Historisk arkiv

Budsjett 2009:

Fedrekvoten blir utvida frå seks til ti veker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa foreslår å utvide fedrekvoten frå seks til ti veker. To nye veker blir lagt til som ei forlenging av den samla stønadsperioden. To veker blir teken frå stønadsperioden som i dag er til fri fordeling mellom foreldra. Utvidinga gjeld for fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009.

Regjeringa foreslår å utvide fedrekvoten frå seks til ti veker. To nye veker blir lagt til som ei forlenging av den samla stønadsperioden. To veker blir teken frå stønadsperioden som i dag er til fri fordeling mellom foreldra. Utvidinga gjeld for fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009.

-Vi aukar fedrekvoten til ti veker, og fedrekvoten er med dette dobla i denne regjeringsperioden. Fedrar ønskjer å tilbringe meir tid saman med barna det første året og ta større omsorgsansvar. Dette legg regjeringa no til rette for, seier statsråd Huitfeldt.

Utvidinga er eit ledd i regjeringas mål om ein likestilt familiepolitikk tilpassa dagens samfunn.

-Vi styrkjer no fedrane si rolle som likeverdige omsorgspersonar. Sjølv om eit jamt aukande tal fedrar har teke ut noko meir permisjon enn 6 veker, så går denne utviklinga svært seint. No vil fedrane sin bruk av foreldrepermisjon auke vesentleg samtidig som familiane beheld stor fleksibilitet, seier Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.

Den samla stønadsperioden ved fødsel blir inntil 46 veker med 100 prosent inntektskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent. Ved adopsjon vil stønadsperioden utgjere høvesvis 43 veker eller 53 veker. Fedrekvoten vil i alle tilfelle utgjere ti veker. Dei to vekene som den samla stønadsperioden blir forlenga med, fell til mor dersom ikkje far har rett til fedrekvote eller har unntak frå bruk av fedrekvoten.

-Lengre permisjonsuttak blant fedrar vil medverke til meir likestilte foreldreskap. Mors og fars deling av foreldrepermisjonen legg eit viktig grunnlag for deling av omsorgsoppgåvene også etter at permisjonen er over, seier barne- og likestillingsminister Huitfeldt.

Tiltaket er berekna å gje årlege meirutgifter for folketrygda på mellom 290 og 320 millionar kroner.